Sivert Høyem er klar for å innta scena igjen sommaren 2026, og tek turen til Baroniet Rosendal med si kraftfulle røyst.
Med si kraftfulle røyst og sitt intense nærvær på scena, har Høyem gjennom fleire tiår etablert seg som ein av dei fremste artistane og låtskrivarane i landet – både frå tida i Madrugada og gjennom ein solid solokarriere. Etter stor suksess med dei nyare albuma On an Island og Dancing Headlights, og ei rekkje utselde konsertar, held han fram med å begeistra publikum.
Konserten byr på ei rik musikalsk reise, frå lågmælte og nære augneblinkar til storslegne og kraftfulle uttrykk. Publikum får oppleva både kjende klassikarar og nye låtar – alt samla i ei intens og stemningsfull konsertoppleving.