1900-talsløene på Jæren er ein viktig del av landskapet og identiteten, men mange står i fare for å forsvinne. I eit føredrag viser Frida Dahl Obrestad korleis desse løene kan fornyast og tilpassast nye krav til lausdrift i landbruket, slik at dei kan takast i bruk vidare i staden for å bli erstatta av moderne driftsbygningar.
Frida Dahl Obrestad (27) er nyutdanna arkitekt frå Jæren, med ei diplomoppgåve om revitalisering av 1900-talsløer. Ho arbeider vidare med temaet gjennom Studio Braak og har bakgrunn frå studiar i tradisjonell japansk trearkitektur.