Klassisk Nattjazz på Nerhuslåven
Leif Ove Andsnes tar med seg konsertflygelet på låven for å halda konsert denne kvelden.
Her vil ein og møta det Rosendalsbaserte bandet Jazzverket på heimebane som har med seg saxofonisten Heidi Kvelvane og lokale krefter. Dei vil framføra jazz-standardar krydra med eigen musikk og tradisjonen tru ein og annan jazzversjon av musikk frå klassiske komponistar som står på programmet denne helga. Dei fire faste bandmedlemmene er: Gopi Storegjerde, vokal, Ivar Baste, piano, Stein Haugen, bass og Torkjell Nerhus, trommer.