Velkomen til konsert med Alma Kraggerud og Natallia Popova!
Den unge fiolinisten Alma Kraggerud har allereie markert seg som ein av dei mest spanande musikarane i sin generasjon, med solistopptredenar med fleire av landets fremste orkester og ei rekkje prisar bak seg. Med sitt uttrykksfulle spel og sterke nærvær på scena har ho imponert både publikum og kritikarar.
Saman med den erfarne pianisten Natallia Popova, ein etterspurd kammermusikar med lang fartstid frå norske og internasjonale scener, byr ho på ein konsert prega av samspel, musikalitet og nyansar.
Programmet spenner frå Grieg si dramatiske sonate i c-moll til lyriske og virtuose verk av Amy Beach og Schubert – ei stemningsfull oppleving med to framifrå musikarar.