Ketil Bjørnstad i Den Røde Sal

Baroniet Rosendal, 5470, Kvinnherad
Ketil Bjørnstad

Om

Opplev ein eksklusiv konsert i Den Røde Sal på slottet med Ketil Bjørnstad. Han er utdanna konsertpianist, plateartist og ein av våre mest produktive og lesne forfattarar. Gjennom eit langt kunstnarliv har han rørt seg mellom klassisk musikk, jazz og litteratur, og skapt eit heilt eige musikalsk uttrykk.

I denne konserten møter vi Bjørnstad åleine ved flygelet, der han framfører stemningsfull pianomusikk inspirert av skumring, natur og skiftande lys – slik vi kjenner det frå albumet Evening Song – Aftensang. Her står nærleiken til musikken i sentrum, med eit uttrykk der melodi, klang, rytme og improvisasjon smeltar saman.

Kvar konsert er unik og blir til i augneblinken, i samspelet mellom pianist og publikum. Resultatet er ei intim og lev

Kart