Gjerde - Haugafjellstølen

Jostedal Hotell, 6871, Jostedal
Gjerde, Jostedal

Om

Sørvend, solrik og til dels bratt tur som gjev dei tøffaste mogelegheit for bading i ei oppdemd tjørn i høgfjellet. Haugafjellstølen er ein av dei mest brukte trimturane for innbuarane på Gjerde. Stølen ligg i ly for trekk, men likevel med eit vakkert utsyn. Fram til 1952 var her eit yrande stølsliv med budeier, mjølking og ysting. Stølshusa og dei beitande sauene minner oss om denne tida.

Kart