Fjell-, fiske- og sykkeltur til Bølifossen - staden som ofte blir omtala som «perlao i dalen».
Turen startar frå Skjolden og me syklar inn Mørkridsdalen, som er ein av dei viktigaste inngangsportane til Breheimen nasjonalpark. Undervegs vil du oppleve flott landskap og høyre guiden fortelje om utviklinga frå naturhushald til nasjonalpark i dalen. Med vakkert landskap og brus frå Bølifossen, er dette ein nydeleg stad for å prøve fiskelukka. Vanskegrad: Middels Avstand sykling: totalt ca. 16 km Avstand vandring: totalt ca. 5 km Høgdemeter: 370 moh. Inkludert i turen: Sykkel, hjelm, fiskekort, fiskeutstyr, smaksprøve. Varigheit: Ca. 6-6,5 timar.
Meir informasjon: www.adventuretours.no