Det er ei stor glede å ønskje Eva Weel Skram velkomen til Baroniet Rosendal Riddersalen 15. juli 2026.
Med albumet Vendepunkt har ho igjen vist kvifor ho er ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg. Musikken hennar er prega av sterke melodiar og ærlege, personlege tekstar som treff publikum rett i hjartet. Gjennom låtar som «Om du vil», «Selmas song», «La meg vere» og «Vendepunkt» har ho skapt eit nært band til lyttarane sine.
På scena er Eva Weel Skram kjend for varme og sterke konsertopplevingar, der formidlinga står i sentrum. I Riddersalen får publikum oppleva ei stemningsfull stund med låtar frå heile hennar norskspråklege karriere – og kanskje også nytt materiale.