Ein samproduksjon mellom Den Nationale Scene i Bergen og Baroniet Rosendal.
August Strindbergs klassiske drama Frøken Julie (1888) er i denne versjonen flytta til Baroniet Rosendal. Handlinga er lagd til sankthansnatta, der grevedottera Julie og tenaren Jean møtest på baroniets kjøken – to menneske frå ulike samfunnslag som aldri skulle ha kryssa kvarandre sine vegar.
Når natta skrid fram, blir grensene mellom dei gradvis viska ut: mellom klasse og makt, kontroll og avmakt, og mellom kven dei er og kven dei ønskjer å vere. Samstundes står Kristin, forlova med Jean, som eit vitne til eit spel ho ikkje kan gripe inn i.
Frøken Julie er ei sterk og intens historie om begjær, makt og menneskelege grenser – og om kva som skjer når alt dette bl