deLillos

Baroniet Rosendal, 5470, Kvinnherad
deLillos

Om

deLillos feirar 40 år som eit av dei mest markante banda i norsk pop- og rockhistorie, og tek jubileet ut på vegen med turneen Meir for fleire.

Sidan starten i 1984 har bandet gitt oss ei rekkje tidlause klassikarar som stadig blir oppdaga av nye generasjonar. Med ein rik katalog som strekkjer seg over fire tiår og heile 20 studioalbum, ligg alt til rette for ein konsert der publikum kan syngje med frå start til slutt.

I tillegg til kjende favorittar, byr deLillos også på nytt materiale frå det ferske albumet. Her blir det ei feiring av både historia og framtida – frå gamle perler til nye låtar som raskt finn vegen inn i hjartet til publikum.

Kart