Antall resultater: 902
, vises for øyeblikket 561 til 580.
Rosendal
Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.
Ulvik
Olav H. Hauge (1908–1994) er ein av våre fremste lyrikarar og gjendiktarar, og levde heile sitt liv i Ulvik. Ved Haugesenteret kan du bli betre kjend med Hauge si livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av…
Halsnøy Kloster
Kjenn på historia og ta turen innom Halsnøy Kloster. På det historiske området, som går tilbake til år 1163, er det omvisningar, utstillingar, føredrag og konsertar gjennom året.
Mauranger
Bondhusvatnet nær Sundal i Kvinnherad kommune er eit ynda turmål og turen til brevatnet er blant dei mest populære fotturane i Hardanger regionen. Turen er lett og kort, og du kan gå den nærmast heile året.
Eidfjord
Hardangerbrua, som bind saman sørsida (ved Bu) og nordsida (ved Vallavik) av Hardangerfjorden er ei av dei ti lengste hengebruene i verda. Du kan kryssa brua gåande eller syklande, på eigen gang- og sykkel felt.
Mauranger
Furebergfossen ligg langs Rv 551 mellom Årsnes og Sunndal, ved munningen av Maurangerfjorden som er ein arm av Hardangerfjorden. Det mektige fossefallet føl fjellsida nedover og har eit fritt fall på 20 m. Du kjem tett på vasskreftene ettersom…
Seimsfoss
Guddalstunet, 5 km frå Rosendal, tilbyr kunstgalleri, overnatting og servering i vakre omgjevnader. Opplev utstillingar av nasjonale og internasjonale kunstnarar, og overnatt i nyrestaurerte Vangshuset.
Rosendal
Folgefonnsenteret er tilknytt Folgefonna Nasjonalpark og inneheld moderne, interaktive utstillingar med tema som geologi, klima, vatnet sin syklus og livet i Hardangerfjorden. Folgefonnsenteret er lett tilgjengeleg med ekspressbåt frå Bergen.
Nå
Hanakamb er fjellturen som har alt: Storslagen utsikt til Hardangerfjorden, majestetiske fjellrekker, Folgefonna isbre, turkist brevatn og grøne dalsider.
Kinsarvik
Hardangerbrua er blant dei ti lengste hengebruene i verda.
Du kan gå og sykle ein lett tur over brua og nyte fantastisk utsikt til fjordlandskapet. Dette er ein fin tur også med andre typar hjulbrukarar, men det er stigning til og frå…
Tyssedal
Opplev Kraftmuseet i Tyssedal og få eit fascinerande innblikk i Noregs vasskraft- og industrieventyr, med aktivitetar for heile familien i vakker vestlandsnatur.
Odda
På Kraftlaben får du oppleva naturens krefter gjennom engasjerande utstillingar, eksperiment og vitenshow. Perfekt for heile familien med interaktive opplevingar og flott vitenpark ute.
Lofthus
Kjøp, smak og nyt eplemost & sider frå Hardanger hjå Helleland Gard på Lofthus. På garden kan du også booka deg sidersmaking med ost og spekemat.
Lofthus
Kråkestien byr på lett tilgjengelig panoramautsikt! 949 trappetrinn tar deg til Vetlehedlesnipa, kor du har flott utsikt over bygda Lofthus og Hardangerfjorden i begge retningar.
Jondal
Bli med på bretur med panoramautsikt. Denne turen tar deg med inn eit unikt landskap med spennande natur- og kulturhistorie.
Grimo
Nyt eit friskt fjordbad og ein dampande sauna hjå Heit Grimo Sauna på vestsida av Sørfjorden i Hardanger. Nydeleg utsikt til fjord og fjell.
Lofthus
Treng du shuttlebus eller transport når du skal gå Dronningstien? Eller kanskje du vil ha transport for å oppleva Husedalen eller Trolltunga? Opplev dei mest kjende fotturane i Hardanger saman med Shuttlebus Hardanger. Dei tilbyr transport…
Herand
Samlen byr på ein av dei finaste utsiktane i Hardanger. Frå toppen på 686 moh har du panoramautsikt både inn og ut fjorden - ein perfekt utfordring for ein kveldstur.
Odda
Reinanuten er dronninga av fjella rundt Folgefonna og tar deg tett inn på Buarbreen. Denne fjelltoppen byr på ei storslagen naturoppleving med kombinasjonen isbre, massive dalsider og grøne fjellområde.