"Hjem jeg lenges"

Kirkebakken 1, 2337, Tangen
Hjem je lenges

Om

Dei song dei døde ut or husa, dei gamle liksongarane. Seigt, mørkt, rivande i sjela, sørgande og stort. I same stunda med lengt og liv. Verda er mørk no, seier vi. Men det har alltid vore mørkt for menneska i verda. Og det er i slike stunder ein skal synge. Er det mørkt, syng.

Solbjørg Tveiten, Åshild Vetrhus og Andreas Ulvo framfører tradisjonelle gravferdssalmar frå Nord-Rogaland og Hardanger. Jon Fosse sine tekstar om liv og død, å vera eller ikkje vera lagar bru til samtida.

Ei fjetrande framføring av musikk som er ukjend for dei fleste vert ein konsert du seint gløymer.

Kart